Torsdagspadling vert arrangert på Frøylandsvatenet, med oppmøte på Gunnarsberget, Klepp Stasjon. Padlinga varer frå kl 18.00 - 20.00 (me ryddar frå ca. 19.40). Det er mogleg å låne kajakk og utstyr.
Aktiviteten startar opp i april, litt avhengig av når påske er, og me held fram til haustferien. Me har sommarferie omtrent som skuleruta.
Det er ingen aldersbegrensing på torsdagspadling, og det er heller ikkje noko krav til padleerfaring.
I starten av padlinga har me ei kort samling for å få oversikt og for å bestemma kva me skal gjera. Ingen legg ut på tur åleine utan å avtala det med ein av leiarane.
Alle er velkomne til å delta på torsdagspadling. Du kan dukka opp sjølv om du ikkje er medlem. Skal du delta fleire gonger, må du melda deg inn.
Torsdagspadlinga fortset kvar torsdag i sommarsesongen, unntatt juli og heilagdagar.